Hot Dog av Led Zeppelin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Hot Dog» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå In Through the Out Door i 1979. Det er den einaste songen på albumet der John Paul Jones ikkje er medlåtskrivar. Det er ein lystig melodi gjort som ein country-låt med Elvis Presley-liknande vokal av songaren Robert Plant.
Remove ads
Oversyn
Songen var påverka av amerikansk rockabilly-musikk. Han dukka opp i London under øvingane der, då det var vanleg for dei å spele gjennom gamle Elvis og Ricky Nelson-songar frå 1950-åra.[1] Elvis hadde faktisk ein song kalla «Hot Dog» som han framførte i filmen Loving You i 1957.
Teksten omhandlar ei jente i Texas som «stal hjarta mitt» og kan ha vore basert på ei verkeleg jente i livet til Plant, men han kalla det ei hyllest til Texas og sinntilstanden deira.
«Hot Dog» vart spela på konsertar av Led Zeppelin i 1979 og 1980.
Songen vart òg gjeven ut som B-side til singelen «Fool in the Rain».
Remove ads
Medverkande
Andre versjonar
- 1993: Dread Zeppelin (Hot & Spicy Beanburger)
- 1996: Ritual Device & Killdozer ("When the Levee Breaks" CD singel)
- 2002: Shawn Amos (In Between)
- 2002: Clumsy Lovers (Under the Covers)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads