Cape
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cape (uttalt [kɛ:p]) er eit armlaust kort, knelangt eller langt kappeliknande klesplagg, med eller uten krage, av og til med hette. Ein kan festa capen i halsen, knappa han framme eller ta han på over hovudet.[1]


Ordet cape kjem frå engelsk frå gammalfransk[2] cape, cappe og opphavleg frå latin capa som tyder 'lita kappe'. Plagget har funnest sidan antikken. Capen blei populær på 1850-talet og var på moten i periodane 1960-1962 og 1975-1976. Det kan brukast med tradisjonelle klede som bunad og kilt.
Remove ads
Variantar
Almucia er ein pelscape som blei brukt frå mellomalderen av katolske prelatar og kanniker. Pelsen var ofte tilverka av gråverk.[3]
Damer av maltesarordenen ber ein svart cape med hette og raudt for som ordensdrakt.
Ein regnfrakk uten erme kan ein også kalla for regncape.
Ein capejakke er ein cape med erme som blei skapt av Balenciaga i 1950.
Galleri
- Spansk cape frå 1590-1610.
- Fransk cape frå 1770–1800.
- Gjetar frå Landes i cape på 1800-talet.
- Kvinne frå Béarn i cape på 1800-talet.
- Cape frå seint 1800-tal.
- Illustrasjon av kvinne i cape frå 1911.
- Skotsk mann med kilt og cape.
- Trønderbunad med cape.
- Italienske politfolk med uniformscape.
- Capejakke
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads