Landes
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Landes er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes.
Remove ads
Historie
Landes er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Guyenne og Gascogne.
Handlinga i romanane til forfattaren François Mauriac, som vann Nobelprisen i litteratur, var sett til Landes.
Geografi
Landes er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Gironde, Lot-et-Garonne, Gers og Pyrénées-Atlantiques, i tillegg til Biscayabukta og Atlanterhavet i vest. Med eit areal på over 9 000 km² er Landes det nest største departementet i den europeiske delen av Frankrike etter Gironde.
Departementet er kjend for stranda Côte d'Argent, som er den lengste i Europa. Landsbyane Mimizan og Hossegor, som ligg ved stranda, trekkjer til seg mange surfarar kvart år.
Remove ads
Økonomi
Landes har store område med strandfuruskogar, som gjev tømmer og harpiks i området. Skogane vart planta tidleg på 1800-talet for å hindre at sjøen eroderte bort det sandrike jordsmonnet.
Bakgrunnsstoff

- Prefekturet si nettside
- Offisiell side
- Informasjon om Gascogne Arkivert 2005-11-01 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads