Cartrouble
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Cartrouble» er ein song av Adam and the Ants, gjeven ut som singel i mars 1980 på Do It Records. Han nådde 33. plassen på UK Singles Chart.[1] Sjølv om tittelen vanlegvis vert skriven som eitt ord, har tittelen òg vorte skriven som to separate ord, til dømes på samleplata Antics in the Forbidden Zone.
Remove ads
«Cartrouble (Parts 1 & 2)»
«Cartrouble» skil seg frå «Cartrouble (Parts 1 & 2)» frå debutalbumet til Adam and the Ants, Dirk Wears White Sox, òg gjeven ut på Do It Records. «Cartrouble» er i røynda ein omarrangert og nyinnspelt versjo nav «…(Part 2)» aleine. Han er tyngre, men meir kommersielt polert, og langt meir radiovennleg enn originalen.
«Cartrouble (Parts 1 & 2)» vart spelt inn med Matthew Ashman på gitar, Dave Barbarossa på trommer og Andy Warren på bassgitar. Ein remiks av versjonen kom ut på 12-tommarutgåva av The Antmusic EP tidleg i 1982. Dette erstatta den originalen på CD-utgåva av Dirk Wears White Sox. 2004-utgåva av same albumet inneheld alle tre versjonane, med den originale attende som spor 1.
«Cartrouble» vart spelt inn på ny med ei anna besetning av The Ants for å oppfylle kontraktskrav. .[2]
Musikkvideoen for «Cartrouble Part 2» og eit anna albumspor, «Tabletalk» vart filma i november 1979 som ei prøvefilming for Malcolm McLaren. Desse vart regisserte av Stephanie Gluck og Clive Richardson og filma i hagen til Richardson.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads