Cassidybreen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cassidybreen
Remove ads

Cassidybreen er ein isbre som er 13 km lang og 3,5 km brei, som flyt nordaust til øvre Taylorbreen mellom Depot Nunatak og nordvestenden av Quartermain Mountains i Victoria Land. Det skildrande namnet «South-West Arm» og «South Arm» vart nytta om denne breen og til delar av Ferrarbreen sør for Knobhead, av Discovery-ekspedisjonen. Nyare kartlegging har vist at breen som her er skildra er ein del av Taylorbreen-systemet.[1]

Kjappe fakta Land, Stad ...

Isbreen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names i 1992 etter William A. Cassidy ved Department of Geology and Planetary Science ved University of Pittsburgh, som gjennom 13 feltsesongar, 1976–90, leia eit lag frå US Antarctic Research Program i undersøkinga og innsamlinga av meteorittar i Antarktis frå diverse stader gjennom Victoria Land og sørover til Lewis Cliff, i nærleiken av Queen Alexandra Range.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads