Catch Me Now I'm Falling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Catch Me Now I'm Falling» er ein song skriven av Ray Davies og først spelt av The Kinks på albumet deira Low Budget i 1979. Songen vart skriven som ein kritikk av Amerika sine allierte. Songen skildrar fallet til Captain America som eit symbol på dei tøffe tilhøva i USA på denne tida. Songen inneheld fleire soloar på forskjellige instrument og eit riff som minnar om The Rolling Stones sin «Jumpin' Jack Flash».
Songen kom ut på singel i USA og Nederland. I USA kom han med «Low Budget» som B-side, medan B-sida i Nederland var «In a Space». Songen selde ikkje godt nok til å nå salslistene i nokon av landa. Songen har sidan kome ut på fleire samle- og konsertalbum.
Songen inneheld ein saksofonsolo som magasinet Billboard skildra som «hot», i tillegg til ein gitarsolo av Dave Davies.[1][2]
Remove ads
Medverkande
- Ray Davies – solovokal
- Dave Davies – sologitar
- Mick Avory – trommer
- Jim Rodford – bassgitar
- Nick Newall - saksofon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads