Mick Avory

britisk trommeslagar From Wikipedia, the free encyclopedia

Mick Avory
Remove ads

Michael Charles Avory (fødd 15. februar 1944 i East Molesey, Surrey i England) er ein engelsk trommeslagar og perkusjonist, mest kjend som medlem av det engelske rockebandet The Kinks, som han vart med i kort tid etter dei starta i 1964. Han var med i bandet til 1984, då han forlet dei etter lang tids krangling med gitarist Dave Davies. Utanom Davies-brørne er han den som har vore med lengst i bandet.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Han var ikkje like støyande som andre trommeslagarar på 60- og 70-talet, som Keith Moon eller John Bonham, men var kjend som ein talentfull og presis trommeslagar. Avory var hovudsakleg inspirert av jazztrommeslagarar som Art Blakey, Max Roach, Joe Morello og Shelly Mann. Sjølv om han har vorte oversett i forhold til andre medlemmer i bandet, er det klart at han har vore medverkande til The Kinks-stilen. Ray Davies sa om han: «Mick hadde ein viktig stil. Mick var ikkje ein stor trommeslagarar, men han var ein jazztrommelsgarar - av smae skule og periode som Charlie Watts

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads