Catherine Ndereba

From Wikipedia, the free encyclopedia

Catherine Ndereba
Remove ads

Catherine Ndereba (fødd 31. juli 1972) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar frå Nyeri. Ho vart verdsmeister i maratonløping i 2003 og 2007.

Kjappe fakta

Aktiv

Ndereba vann i 2000 både Chicago maraton og Boston maraton, prestasjonar ho gjentok året etter. I Chicago 7. oktober 2001 sette ho verdsrekord i maraton med tida 2.18.47, dermed sletta ho den vekegamle bestenoteringa til Naoko Takahashi frå Japan 2.19.46, oppnådd i Berlin maraton.

Under VM i friidrett 2003 i Paris sprang Ndereba inn til gull i maraton. I dei neste store meistermøta, Sommar-OL 2004 i Aten og Friidretts-VM 2005 i Helsinki, kom ho i mål til sølvmedalje. Dei same to åra tok ho sin tredje og fjerde siger i Boston Maraton.

Ndereba vann i 2006 Osaka maraton. Året etter var ho tilbake i den japanske storbyen, der ho vann sitt andre VM-gull. I dei olympiske sommarleikane i Beijing i 2008 kneip Ndereba sølvmedaljen i maraton, eitt sekund føre kinesiske Zhou Chunxiu. Tre år seinare la Ndereba opp som aktiv løpar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads