Chaetocercus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chaetocercus
Remove ads

Chaetocercus er ei biologisk slekt av kolibriar i stammen Mellisugini, «bikolibriar». Dette er seks artar som har ei samla utbreiing i nordvestre Sør-Amerika og på Trinidad og Tobago. Utbreiingsområda deira ligg hovudsakleg i fjellregionar langs Andesfjella og nærliggande område, frå Trinidad og det nordlege Venezuela sør til det sentrale Bolivia.

Kjappe fakta

Det maskuline slektsnamnet Chaetocercus kjem frå gresk khaitē som tyder ‘hår’ og kerkos som tyder ‘hale’, altså «hårete hale».[1]

Remove ads

Kjenneteikn

Kolibriane i denne slekta er svært små, 5,5 til 8,5 centimeter lange der hannfuglar er ca. 1 cm lengere enn hoer. Dei har kort, rett eller svakt bøygd nebb og to kvite sideflekker på undersida som er forbunde med ei linje over dei stjertdekkande fjørene. Hannane har ein skinande raudfiolett strupeflekk kanta av eit kvitt, grått eller beige brystband, grøn overside og anten grøne eller kvite undersider. Hoene har mørkebrune øyrefjører og ei lang, lys stripe bak auga, grøn overside og beige eller kvit underside. Hannane har ein kløyvd stjert med svært smale fjører, medan hoene har ein kortare og noko avrunda stjert. Flukta deira er målretta og minnar om humler.[2]

Remove ads

Systematikk

Slekta Chaetocercus vart føreslått av den britiske zoologen George Robert Gray i 1855.[3] Typearten, som først vart definert ved monotypsi, var Ornismya jourdanii, no kjend som Chaetocercus jourdanii, rustskaftkolibri.

Artsoversyn

Slekt Chaetocercus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads