Santamartakolibri
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Santamartakolibri (Chaetocercus astreans) er ein liten og fargerik kolibri som er endemisk for Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia.
Remove ads
Skildring
Som dei andre artane i slekta Chaetocercus er santamartakolibrien ein liten kolibri med rettpeikande nebb, totalt berre ca. 7 centimeter. Praktdrakta til hannen har fleire farger: oversida av hovudet og nakken er skinande grøn, grønfarga går gradvis over i mørk skinande blått på rygg og bakkropp. Strupen og halsen er iriserande raud med bakoverstikkande, raude fjører. Brystet er lyst grått. Hofuglen har meir avdempa farger, heile oversida er bronsegrøn, undersida inkludert strupe er varierande lys kanelraud. Ho har ein mørk flekk på kinnet. Den stutte halen er kløfta hos hannfuglen, men meir avrunda hos hoa. Begge har ein iaugefallande kvit flekk på kroppssidene.[1]
Leveområdet er relativt lågt i Sierra Nevada de Santa Marta, ca. 825-2000 moh. i utkanten av skog og i kaffiplantasjar med skugge. Populasjonen er ikkje estimert, men arten er vanleg innanfor utbreiingsområdet og bestanden er trudd å vere stabil og livskraftig.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads