Chains av Cookies
song av Gerry Goffin og Carole King From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Chains» er ein song skriven av låtskrivarduoen og den gong ektefellane Gerry Goffin og Carole King og opphavleg spelt inn (men ikkje gjeven ut) av The Everly Brothers. I 1962 vart han ein stor hit for korsongarane til Little Eva, The Cookies (#17 poplista i USA, #7 R&B-lista),[1] og seinare vart han spelt av den engelske rockegruppa The Beatles.
Remove ads
The Beatles-versjonen
Singelen av The Cookies vart ein populær coverlåt for Liverpool-band etter han kom ut i november 1962,[2] og vart ei kort stund spelt på konsertane til The Beatles.[3] Dei spelte han inn 11. februar 1963 på fire forsøk. Det førte viste eg å vere best, så dei brukte dette.[4] Songen kom ut på debutplata deira, Please Please Me.[5] Lennon spelte introduksjonen på munnspel.[4] Musikkskribenten Ian MacDonald kritiserte framføringa til The Beatles og meinte han «hadde nokre ureine tonar» og «mangla spontanitet».[3] George Harrison song solovokal på Beatles-versjonen, og som fjerde songen på det første albumet deira, var det for mange første gongen dei høyrde Harrison syngje på ein song.
Dei spelte songen fleire gonger for radioprogramma til BBC, som Side by Side, Here We Go og Pop Go the Beatles. Ingen av desse kom ut på samleplata med BBC-innspelinga frå 1994. Dei kom til slutt ut i 2013 på samleplata On Air – Live at the BBC Volume 2).[2]
Remove ads
Sylvie Vartan-versjonen
Songen vart omsett til fransk og kalla «Chance». Den franske versjonen vart spelt inn og gjeven ut i 1963 av Sylvie Vartan.
Innhald
EP Sylvie («Chance» / «Il revient» / «Reponds-moi» / «Tous les gens») RCA Victor 76.617 (1963, France)
- A1. «Chance» («Chains»)
- A2. «Il revient» («Say Mama»)
- B1. «Reponds-moi»
- B2. «Tous les gens» («Baby You’re So Fine»)[6]
Remove ads
Medverkande
Cookies-versjonen
- Earl-Jean – solovokal
- Margaret Ross – korvokal
- Dorothy Jones – korvokal
- Eva Boyd – korvokal
Beatles-versjonen
- George Harrison – solovokal, sologitar
- John Lennon – rytmegitar, munnspel, harmonivokal
- Paul McCartney – bass, harmonivokal
- Ringo Starr – trommer
Lydteknikar var Norman Smith
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads