Little Eva
amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eva Narcissus Boyd betre kjent under artistnamnet Little Eva (29. juni 1943–10. april 2003) var ein amerikansk popsongar som hadde ein stor hit med «The Loco-Motion» i 1962.
Remove ads
Liv og virke
Boyd var fødd i Belhaven i Nord-Carolina i 1943 og hadde tolv søsken. Ho flytta til Brighton Beach i Brooklyn i New York då ho var femten.[1][2]
Ho jobba som barnevakt og hushjelp for låtskrivar-ekteparet Carole King og Gerry Goffin. Dei valde henne til å syngja demoversjonen av «The Loco-Motion». Då den tiltenkte artisten for songen takka nei, blei Eva sin versjon gjeven ut og blei til ein hitt. Songen nådde fyrsteplassen på topplista i USA i 1962. Han selde over ein million eksemplar, og blei tildelt gullplate.[2]
Little Eva heldt fram med å gje ut plater utover på 1960-talet, men fekk ikkje like stor suksess. Dei andre singlane hennar var «Keep Your Hands Off My Baby», «Let's Turkey Trot» og ein coverversjon av Bing Crosby-standarden «Swinging on a Star», som ho spelte inn med Big Dee Irwin (utan å bli godskriven på plata).[3]
Ho opptredde framleis i 2001, då ho hadde fått ein kreftdiagnose.[4][5] Ho døydde i 2003.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads