Chains on You
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Chains on You» (norsk 'lenkjer om deg') er ein popsong av den gresk-armenske songaren Athena Manoukian. Songen skulle ha vore det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] Manoukian har skrive songen saman med DJ Paco, og songen vart utgjeven for digital nedlasting 14. februar 2020.
Remove ads
Eurovision Song Contest
«Chains on You» skulle ha representert Armenia i Eurovision Song Contest 2020, etter at Athena Manoukian vann den armenske songtevlinga Depi Evratesil 15. februar 2020. Vinnaren av denne tevlinga får representere Armenia i Eurovision Song Contest. «Chains on You» var favoritten hos både den internasjonale jurygruppa og den armenske jurygruppa, men songen vart berre nummer tre i telefonavrøystinga.[3][4]
I januar 2020 vart Armenia trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy torsdag 14. mai.[5] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Utgjevingshistorikk
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads