Koparkis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chalkopyritt eller koparkis er eit tetragonalt mineral som består av kopar, jarn og svovel CuFeS2, med 34,6 % kopar. Mineralet er messinggult, ofte anløpt, sprøtt og med lågare hardleik enn pyritt (lèt seg risse med kniv.)
Chalkopyritt er det mest utbreidde koparmineral og ein av dei viktigaste koparmalmane. Det opptrer i ei rekkje ulike typar av førekomstar, ofte saman med pyritt, til dømes på dei norske kisførekomstar som Folldal, Løkken, Røros, Grong og Sulitjelma.
Remove ads
Sjå òg
- koparmalm
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads