Charles Wheatstone

From Wikipedia, the free encyclopedia

Charles Wheatstone
Remove ads

Sir Charles Wheatstone (6. februar 180219. oktober 1875) var ein britisk fysikar.

Han vart professor ved King's College i London i 1834. Han utførte målingar av tidsforløpet av elektriske utladingar ved hjelp av roterande spegel, og gjorde fleire tekniske oppfinningar. Mest kjend er Wheatstones bru for måling av elektrisk resistans. Han konstruerte òg ein maskin for kryptografi, eit stereoskop, elektriske registreringsapparat for meteorologiske instrument og concertinaen, ein type trekkspel. Saman med W. F. Cooke tok han i 1837 ut patent for elektrisk telegraf og konstruerte 1858 ein hurtigtelegraf med holband. Wheatstone reknast som den praktiske grunnleggjaren av moderne telegrafi.

Remove ads

Kjelder

«Charles_Wheatstone» i Store norske leksikon, snl.no.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads