Chathamalbatross
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chathamalbatross (Thalassarche eremita), engelsk namn Chatham Albatross, Chatham Mollymawk, eller Chatham Islands Mollymawk, er ein stor sjøfugl og mellomstor albatross. Alle para hekkar på Pyramiden, Chathamøyane aust for New Zealand. Han har ikkje fått tilordna normert namn på norsk.
Dette taksonet var tidlegare rekna å vere ein underart av svartflekkalbatross, Thalassarche cauta,[1] men er i dag kjent som ein sjøvstendig art.
Vaksne fuglar skil seg frå svartflekkalbatrossar med langt mørkare gråfarge i andletet, øvre hals og øvre rygg, gult nebb og gul stripe over kinnet.
Chathamalbatrossar migrerer til området mellom Australia og Perustraumen ved Sør-Amerika, så langt nord som til 6° S. Populasjonen er estimert til 11 000 hekkande fuglar.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads