Thalassarche

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Thalassarche
Remove ads

Thalassarche er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er avgrensa til den sørlege halvkula, der dei òg er dei vanlegaste av alle albatrossar. Det er den største slekta i familien med i alt sju artar som er godkjente etter versjon 6.9 av Clementslista.

Kjappe fakta

Thalassarche har den største variasjonen i storleik blant alle albatrosslekter, vengespennet varierer mellom 180 og 256 centimeter.[1] Fjørdrakta har vore skildra som ei måseliknande drakt, med mørk eller svart rygg, skulder og hale og lysare hovud, underside av venger og buk. Fleire artar har gjerne hovud med litt mørkegrått, eller har eit mørkt parti rundt auga. Dei har alle ei fargerik, rosa kjøttstripe frå munnvika til øyret som dei viser fram under oppvisingar. Dei har artspesifikke nebbstruktur og farge som gjer artane her enklare å identifisere enn andre albatrossar.[1] Nebba er anten farga sterkt oransje eller gule, eller dei er mørke med fleire gule linjer.

Remove ads

Artar

Thalassarche i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3] Estimat av populasjonar etter faktaark hos Verdas naturvernunion:[4]

Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon År Trend Hekkeplassar Ref
SvartbrynalbatrossThalassarche melanophrisLC1 400 0002003-2017aukandeFalklandsøyane og fleire øyar i Sørishavet[5]
KvitaugealbatrossThalassarche impavidaVU43 0002014aukandeCampbelløyane sør for New Zealand[6]
SvartflekkalbatrossThalassarche cautaNT30 7002005-2011ukjendved Tasmania (Utan underart T. c. steadi)[7]
ChathamalbatrossThalassarche eremitaVU11 0002010stabilPyramiden, Chathamøyane aust for New Zealand[8]
SølvhovudalbatrossThalassarche salviniVU80 0002014ukjentChathamøyane, Snareøyane og Bountyøyane[9]
GråhovudalbatrossThalassarche chrysostomaEN250 0002010minkandefleire øyar i Sørishavet[10]
GulnasealbatrossThalassarche chlororhynchosEN35 000-73 5002010minkandeøyar i Sør-Atlanteren[11]
KvithovudalbatrossThalassarche carteriEN82 0001998minkandeøyar i Sør-Indiahavet[12]
KvitpannealbatrossThalassarche bulleriNT50 000-100 0002010stabilSnareøyane, Solanderøya og Chathamøyane, New Zealand[13]

Verdas naturvernunion, IUCN, godtek òg følgjande takson som sjølvstendig art:

  • Thalassarche (cauta) steadi, (NT) 203 600 modne individ per 2014, minkande, hekkeutbreiing: Aucklandøyane og Antipodeøyane[14]

Kolonnar i tabellen over:

Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
Populasjon er estimert storleik på bestand av kjønnsmodne individ, total populasjon er gjerne langt høgare fordi albatrossar startar hekking først når dei er 5-10 år gamle
Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads