Cherry, Cherry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Cherry, Cherry» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Songen vart arrangert av Artie Butler og produsert av Jeff Barry og Ellie Greenwich. Han vart gjeven ut på singel i 1966 og vart den første store hitten til Diamond,[1][2] med ein sjetteplass på både Billboard Hot 100 chart,[2] i oktober 1966,[1] og Cash Box-lista. Singelen skal ha selt over 1 million eksemplar verda over. Ellie Greenwich kom oppmed refrenget og kan høyrast på korvokal.
I 1973 vart eit konsertopptak av «Cherry, Cherry» gjeve ut på singel frå konsertalbumet Hot August Night (1972). Denne versjonen nådde 24. plass på Cash Box-lista og 31. plass på Billboard Hot 100-lista.[2]
Rolling Stone omtalte sidan «Cherry, Cherry» som «ein av dei beste tre-akkordssongane gjennom tidene».[3]
Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» av Simon & Garfunkel og «Brown Eyed Girl» av Van Morrison) spelte på songen.
Det er gjeve ut to versjonar av «Cherry, Cherry». Den mest kjende versjonen vart gjeven ut av Bang Records i 1966. Den andre verdsjonen, med forskjellig tekst og opphavleg meint som singel, vart etter kvart gjeve ut av Diamond og Sony Music Entertainment i 1996 på samlealbumet In My Lifetime.
Remove ads
Andre versjonar
- Dizzy Gillespie spelte ein versjon av songen i 1966 på The Melody Lingers On (på Limelight Records).
- The Music Machine spelte ein versjon av songen i 1966 på albumet (Turn On) The Music Machine (på Original Sound).
- Jonathan King spelte ein versjon av songen i 1970 og vart ein hitt i heile Europa, særleg i Nederland, Belgia og Frankrike.
- Kramer spelte ein versjon av songen i 2010 for albumet The Brill Building (på Tzadik Records). Songen er songen på spansk/cubansk.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads