Chesterfield

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chesterfield

Chesterfield er ein marknadsby og eit administrativt distrikt i Derbyshire i East Midlands i England. Han ligg på møtestaden til elvane Rother og Hipper.[1]

Kjappe fakta Land, Region ...
Chesterfield
by
Thumb
Land  England
Region East Midlands
Distrikt Chesterfield
Areal 66,04 km²
Folketal 70 710  (2007)
Postnummer S40
Thumb
Chesterfield
53.235833333333°N 1.4275°W / 53.235833333333; -1.4275
Wikimedia Commons: Chesterfield, Derbyshire
Lukk

Historie

Byen fekk marknadsrettar frå kong Johan utan land i 1204. Han voks sakte men sikkert fram til 1800-talet, då han fekk velstandstider på grunn av jernbanen. Chesterfieldlinja, som var ein del av North Midland-linja mellom Derby og Leeds, vart starta av George Stephenson i 1837. Under konstruksjonen oppdaga ein ei stor kolåre. Stephenson starta opp eit gruveselskap, som tok ut både kol og jernmalm i området. Stephenson budde i Tapton House i Chesterfield resten av livet, og er gravlagt i Trinity Church.

Det mest kjende landemerket til byen er spiret til kyrkja Saint Mary and All Saint. Det blir kalla «the crooked spire» («Det skeive tårnet») og toppen lenar seg nesten 3 meter til sidan i tilhøve til midtpunktet til tårnet. Dette skuldast truleg bruk av vått tømmer eller for få støttestag. Meir fargerike forklaringar er at spiret var så sjokkert over å høyre at ei jomfru gifta seg i kyrkja, at det bøygde seg for å sjå nærare på det, eller at ein smed i Bolsover skodde Djevelen feil, og at Djevelen så i store smerter hoppa over tårnet og slo det ut av stilling.

Boremaskinene som vart brukt under konstruksjonen av Kanaltunnelen vart laga i Chesterfield av Markham & Co., som no ikkje lengjer har nokre lokale der.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.