Johan av England

From Wikipedia, the free encyclopedia

Johan av England
Remove ads

Johan av England (24. desember 116619. oktober 1216) var konge av England frå 1199 til 1216. Han var den yngste av dei fem sønene til Henrik II av England og Eleanor av Aquitaine, og arva trona etter den eldre broren sin, kong Rikard Løvehjerte. Johan er kjend under aukenamnet «Johan utan land» (John Lackland). I England går han også under nemningane bad King John og John Soft-sword.

Frå 1185 hadde han, som den første, tittelen Lord av Irland.

Remove ads

Historie

Regjeringstida til kong Johan blir tradisjonelt rekna som ei av dei mest katastrofale i engelsk historie. Han tapte dei engelske områda i Frankrike til den franske kongen Filip August, og raserte engelsk økonomi i ein slik grad at baronane gjorde opprør. I 1215 tvinga dei han til å skriva under på Magna Carta, som svekka engelsk kongemakt for alltid.[1]

Kongen hadde tre viktige feil.

Kvitta seg med konkurrent

Då Rikard løvehjarte døydde i 1199, var det to kandidatar til trona: Johan og brorsonen hans Arthur av Bretagne, som var i Normandie. Johan tok Arthur til fange, og han blei ikkje sett igjen. Det er aldri bevist at han blei myrda, men det var den generelle oppfatninga at Johan hadde fått sin eigen brorson drepen, noko folk tok sterk avstand frå.

Tapt land i Frankrike

Den andre feilen var at Johan mislukkast i krigføring i Frankrike. Filip August av Frankrike tok det meste av dei engelske besittelsane i landet, og dei engelske baronene krevde at Johan måtte ta dei tilbake. Etter åtte år forsøkte han å gjera det, men leid eit avgjørende nederlag i slaget ved Bouvines i 1214.

Disputt med kyrkja

Den tredje store feilen var å bli innblanda i ein disputt med kyrkja om utnemninga av ny erkebiskop av Canterbury. Då Johan prøvde å tvinga munkane til å godta sin kandidat, appellerte dei til pave Innocens III, som overstyrte begge kandidatane og peika ut den lærde teologen Stephen Langton til posten. Johan nekta å anerkjenna Langton, og i 1209 sette paven heile landet under interdikt. Fyrst i 1213 gav kongen etter.[2]

Johan døydde av feber på Newark-slottet og blei gravlagd i domkyrkja i Worcester. Det verkar som han var glad i byen Worcester, og feira jul der i 1214. Han skreiv i testamentet sitt at han ønskte å bli gravlagd i domkyrkja i byen, mellom altera vigde til heilage Wulfstan og Oswald. Det opphavlege testamentet hans, som er det eldste bevarte kongelege testamentet i England, er oppbevart i biblioteket til domkyrkja. Gravet hans er framfor høgalteret. Sonen hans, Henrik III, blei ein viktig velgjerar for domkyrkja.[3]

Remove ads

I kulturen

Johan er også kjend gjennom frå sogene om Robin Hood.

Kong Johan er hovudperson i eit av William Shakespeare historiske sine drama, The Life and Death of King John. I Disney-teiknefilmen om Robin Hood har han ei sentral rolle, då i skikkelsen av ei løve.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads