Chilenarar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Chilenarar
Remove ads

Chilenarar (spansk chilenos) er menneske knytte til Chile gjennom busetjing eller opphav. Chilenarar stammar hovudsakleg frå spanjolar og ulike chilenske urfolk.[1] Små, men viktige grupper av andre europearar som særleg vandra inn på 1800- og 1900-talet har også kome inn i folkegruppa. Sjølv om innvandrarar etter det chilenske sjølvstendet aldri har utgjort meir enn 2 % av befolkninga, finst det no hundretusenar av chilenarar med tysk,[2] britisk, fransk, kroatisk, italiensk eller palestinsk[3] opphav.

Thumb
Chilensk mann (ein gaucho eller eigentleg huaso) og kvinne, señora Maria Vial de Prieto.
Foto: Toni Frissell, 1940

Det er sterk samanheng mellom chilenarar si avstamming eller etnisitet og den sosioøkonomiske statusen deira.[4][5] Det går eit tydeleg kontinuum[5] mellom folk lågt nede på rangstigen med mange amerindiske forfedrar og overklassen med hovudsakleg europeisk avstamming. Den innfødde innverknaden på folkesetnaden, både genetisk og kulturelt, er tydelegast på landsbygda og kan finnast att i chilensk spansk og i chilensk matlaging.

Dei fleste chilenarar bur i Chile, men det finst også større grupper i fleire andre land, særleg i Argentina[6] og USA.[7] Andre land med store chilenske grupper er Australia, Canada og Sverige. Mindre grupper chilenarar utgjer også betydelege delar av den permanente busetnaden i Antarktis og på Falklandsøyane.[8]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads