Chitral
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Chitral er namnet på ein by, ein dal, ei elv og eit distrikt i Malakand Division i Den nordvestlege grenseprovinsen i Pakistan. Byen har om lag 20 000 innbyggjarar og distriktet om lag 300 000. Fram til 1970 var Chitral ein fyrstestat.

Chitraldalen grensar til fjellkjeda Hindukush i nord, og det høgaste fjellet, Tirich Mir (khowar Teric Mer) kan sjåast lengst nord. Elva Kunar renn gjennom dalen, og ein dyrkar kveite, bygg, mais, ris, valnøtt, aprikos og morbær i terrassar i dalsidene.
Remove ads
Språk
Hovudspråket i Chitral er det dardiske språket khowar. Eit anna dardisk språk, kalasha, blir tala i eit sidedalføre til Chitral-dalen.
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Chitral» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2010.
- «Chitral» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads