Urdu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Urdu er eit indoeuropeisk språk av indoarisk type som hovudsakleg blir tala i Pakistan og India. Det er svært likt hindi, men blir skrive med ein tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet. Urdu er offisielt språk i Pakistan, og eitt av dei 24 nasjonale språka i India.

Kjappe fakta
Remove ads

Slektskap

I utgangspunktet var urdu og hindi eitt og same språk, kjent som hindustani, men dei utvikla seg i ulik retning under persisk påverknad, og seinare ved hjelp av offisiell språkpolitikk i India og Pakistan.

Skriftspråk

Urdualfabetet er utvikla av det persiske alfabetet som igjen kjem frå det arabiske. Det blir kalla nastalíq.

Litteratur

Thumb
Ein ghazal av Ghalib.

Urdu har ein rik munnleg litteratur, men ei kort historie som litteraturspråk ettersom dei som tala det anten var analfabetar eller brukte persisk.

I dei siste hundreåra har ein også utvikla ein skriftleg litteratur på dette språket. Den best kjende litteraturforma er ghazalen, ei diktform som omhandlar kjærleik, særleg lengt.

Ein særskild variant av urdu som blir brukt til dikting blir kalla rekhta.

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads