Christian Christiansen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Christian Christiansen (23. mai 1825–12. juli 1894) var ein norsk forretningsmann og fabrikkeigar frå Larvik. Han var stortingsmann for Larvik og Sandefjord i tida 1859-69 og valperioden 1874-76.
Christiansen var son til ein kjøpmann og fabrikkeigar. Han gjekk handelsskule i Leipzig og utdanna seg vidare i handelsyrket i Paris. Etter heimkoma til Larvik tok han over verksemda til faren og etablerte i tilleg ei rad bedrifter i Larvik som sysselsette mange menneske.
Christiansen var ordførar i Larvik i mange åra. Han representerte valkrinsen Larvik og Sandefjord på Stortinget fyrste gongen i 1859-60, då som medlem i Tollkomiteeen. Ved dei neste stortinga, 1862-63 og 1865-66, var han formann i same komiteen. Han møtte også på det overordentlege 1864-tinget. Stortinget 1868-69 var han medlem i Næringskomite nr. 2. I den tre år lange valperioden 1874-76 var han i 1874-sesjonen på ny med i Næringskomite nr 2, sidan hadde han plass i Jarnbanekomiteen. I 1886 møtte Christiansen på Stortinget som varamann frå Jarlsberg og Larviks amt, eit val som vart underkjent med 72 røyster mot 35.
År 1867 var Christiansen medlem i ein kongeleg kommisjon «om toldbehandling av varer og fartøier», deretter i 1875 med ein norsk-svensk komite om konsulatstellet og i 1879 i ein tollkommisjon.
I 1886 måtte Christiansen «overgi sit bo til skiftebehandling», og eiga hans seld. Frå 1888 budde han i Hedrum, men døydde i Kristiansand.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads