Kristian Fredrik av Noreg

konge av Noreg 1814, konge av Danmark 1839-1848 From Wikipedia, the free encyclopedia

Kristian Fredrik av Noreg
Remove ads

Kristian Fredrik (18. september 178620. januar 1848) var norsk og dansk konge av den oldenborgske slekta. Som Christian Fredrik var han norsk konge frå 17. mai til han formelt sa frå seg trona 10. oktober 1814.[1][2]

Thumb
Kristian Fredriks salving i Frederiksborg slottskyrkje 28. juni 1840, den siste salvinga i Danmark. Kongen er i fullt ornat med hermelinkappe og einevoldkrona på hovudet, han held septeret i høgre hand. Caroline Amalie er og i salvingsdrakt og med dronningkrona på hovudet. Kongen sit på ein tronstol av narkvaltann. Foran dei står to av Fredrik IIIs sølvløver. Måleri av Joseph-Désiré Court frå 1841. Tilhøyrer Statens Museum for Kunst.

Seinare overtok han som kronprins av Danmark den danske trona i 1839 som Christian VIII og var konge til han døydde i 1848. Kristian Fredrik var siste eineveldige konge av Danmark.

Fredrik VI ikkje etterlét seg søner, var Kristian Fredrik i høve Kongeloven næraste arving til trona. Kristian Fredrik var i namnet halvsyskenbarn av Fredrik VI.[2]

Remove ads

Familie

Offisielt vart Kristian Fredrik fødd som son av arveprins Fredrik, halvbror til den sinnssjuke Kristian VII, men innom familien var det kjend at den biologiske faren var hoffsjef Frederik von Blücher,[2] som òg var far til Kristian Fredriks tre søsken.[3]

I 1806 gifta han seg med kusina Charlotte Frederikke. I april 1807 fødde ho sonen Christian Frederik som døydde kort tid etter fødselen, og i 1808 blei dei foreldre til den seinare Frederik VII.

Da det vart kjend at prinsessa hadde eit forhold med sin franske songlærar, Édouard du Puy, fekk kong Fredrik VI ekteskapet oppløyst. Charlotte Frederikke blei forvist til Horsens og fekk forbod mot å se sonen att, og du Puy blei forvist til Sverige - han fekk to timar på seg til å reise frå Danmark og heimen sin i Vingårdstræde 15, der prinsessa hadde vitja han.[4] Prinsen gifta seg att i 1815 med Caroline Amalie, barnebarn av dronning Caroline Mathilde og Struensee. [5]

Kristian VIII fekk 10 barn utanfor ekteskap.[6]

Som norsk konge

Thumb
Seglet til Kristian Fredrik som norsk konge, nytta på kunngjeringa om kongevalet 19. mai 1814. Tilhøyrer Riksarkivet.
Foto: Odd Amundsen / Riksarkivet

I mai 1813 sende Fredrik VI prins Kristian Fredrik til Noreg som stattholdar, med von om å styrkja den norske truskapen mot krona. Truskapskjensla hadde lidd under Danmark si skjebnesvangre allianse med Napoleon. Ved Kielfreden den 14. januar 1814 måtte kongen avstå Noreg til kongen av Sverige. Sverige skulle få Noreg mot å verta med i krigen mot Napoleon.

Kristian Fredrik valde å setja seg i brodden for ei norsk sjølvstenderørsle, og 17. mai 1814 underskreiv han ei norsk grunnlov og vart vald til norsk konge. Men etter ein kort krig med Sverige måtte han slutte fred ved Mossekonvensjonen av 14. august. Han måtte gå med på å abdisera (gå av) og gje makta over til Stortinget, mot at Noreg fekk halda på Grunnlova. Stortinget valde kongen av Sverige til ny norsk konge i ein laus personalunion 4. november 1814, etter å ha vedteke dei endringane i Grunnlova som unionen gjorde naudsynte.

Kjelder

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads