Christopher Knudsen
norsk prest og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Christopher Knudsen (4. oktober 1843–28. juli 1915) var ein norsk prest og politikar for Høgre. Han var både fødd og døydde i Drammen.
Christopher Knudsen var son til ein arbeidar. Han vart student i 1861 frå Drammens skole og avla eksamen til cand. theol. i 1867. År 1867 var han lærar ved latinskulen i Drammen, medan han frå 1868 var kateket i Mandal. Åra 1876-79 var han sekretær i Det norske misjonsselskap i Stavanger. Frå 1879 var Knudsen sokneprest i Nedre Eiker. Deretter var han residerande kapellan i Bragernes frå 1886. I 1898 vart han utnemnd til sokneprest i Tønsberg. Sokneprest i Bragernes frå 1906 til -13.
Knudsen var ordførar både i Nedre Eiker og seinare i Tønsberg, samt varaordførar i Drammen. Skulestyreformann i både Tønsberg og i Drammen.
Knudsen var stortingsmann i samanhengande ni år. Han var 1. representant til Stortinget frå Drammen både 1895-97 og 1898-1900, 1900-03 representerte han Tønsberg. I fyrste perioden var han medlem av protokollkomiteen, medan han var medlem av kyrkjekomiteen dei to siste periodane. I tillegg sat han i valkomiteen 1900-03.
Knudsen var kyrkje- og undervisningsminister då Michelsen-regjeringa vart innsett 11. mars 1905, ein post han hadde til 26. januar 1906. Den «konservative kirkemann»[1] Knudsen gjekk ut av regjeringa etter at eit fleirtal i statsrådet stemte ned innstillinga hans til utnemning av professor i systematisk teologi ved universitetet. Knudsen hadde då «prøvd alle tenkelige utveier for å unngå en utnevnelse av dr. Ording.»[2]
Knudsen var mellom dei som i 1907 skreiv under på innbydinga til å skipe Menighetsfakultetet.
I 1900 vart Knudsen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 1907 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han vart også tildelt 7. juni-medaljen.
Remove ads
Kjelder
- Johnsen, Oscar A.;Tønsbergs historie, bind 3. 1952-54
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Molland, Einar:Norges Kirkehistorie i det 19. århundre, bind II. 1979
Notar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads