Chroicocephalus

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Chroicocephalus
Remove ads

Chroicocephalus er ei biologisk slekt av middels store til relativt små måsar som tidlegare vart rekna til slekta Larus, inntil genetiske studiar publiserte i 2005 viste at Larus slik ho då var definert, var parafyletisk. Ti artar er i dag rekna til slekta. Namnet Chroicocephalus kjem frå gresk khroizo «fargelegge» og kephalē «hovud».[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Systematikk

Slekta Chroicocephalus vart først innført i 1836 av den engelske naturforskaren Thomas Campbell Eyton. Han lista to artar i den nye slekta, men spesifiserte ikkje ein typeart.

Artane som no er plasserte i denne slekta, var tidlegare ein del av Larus. Ei molekylærfylogenetisk undersøking publisert i 2005 viste at Larus slik ho då var avgrensa, var parafyletisk. I den påfølgjande omorganiseringa for å skapa monofyletiske slekter, vart slekta Chroicocephalus teken opp att for å romme ein klade av artar, alle med svarte hovud.

Gulehavsmåse vart tidlegare inkludert i denne slekta, men ein studie frå 2022 viste at sjølv om arten stod basalt i slekta, var han ikkje nært i slekt med dei andre artane. Han er no plassert i si eiga slekt, Saundersilarus.[2][3]

Remove ads

Skildring

Artane i slekta varierer i storleik frå 28 cm til 48 cm. Kanadahettemåse er den minste, 28–30 cm, medan asiahettemåse er den største, opptil 45 cm i kroppslengd og med vekt på 700 gram. Alle artane har kvit kropp og stjert, og lysegrå overside på vengene. Vengespissane har tydelege mønster i grått, kvitt og svart, som er viktige for artsidentifisering. Fleire artar har særprega brunt, lysgrått eller svartgrått hovud i hekkedrakta, medan nokre har heilt kvitt hovud som resten av kroppen. Auga er mørke hjå nokre artar, medan andre har ein tydeleg kvit iris. Nebb og bein er frå lyseraude til mørkeraude.[4]

Representantar for slekta finst i regionar over heile verda, med unntak av Antarktis. Artane er ofte parapatrisk fordelte, men to artar kan leve saman i New Zealand, i Middelhavet, i delar av Sør-Afrika og i delar av Sør-Amerika. Unntaksvis kan dei tre artane hettemåse, asiahettemåse og smalnebbmåse opptre saman i delar av Sørvest-Asia.

Remove ads

Artsoversyn

Medlemmer av Chroicocephalus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[5]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads