Larus

fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Larus
Remove ads

Larus er ei stor biologisk slekt av måsar med verdsomspennande utbreiing, det største artsmangfaldet finst på den nordlege halvkula.

Kjappe fakta

I hovudsak er desse måsane mellomstore til store fuglar. Dei er vanlegvis lys grå til svarte på oversida og kvite på undersida og hovudet, ofte med svarte vengespissar med kvite flekker («speglar»), og hjå nokre artar òg noko svart på stjerten. Nebbet er kraftig og relativt langt, og føtene har symjehud. Om vinteren er hovudet ofte stripete eller skuggelagt i mørkgrått. Ungfuglane er brune og brukar tre til fem år på å få vaksen fjørdrakt, med mellomdrakter som ligg mellom juvenildrakt og vaksen fjørdrakt.[1]

Remove ads

Systematikk og taksonomi

Mange av artane er talrike og godt kjende fuglar i leveområda sine. Fram til om lag 2005–2007 vart dei fleste måsar plasserte i slekta Larus, men ordninga har vist seg å vera polyfyletisk. Dette førte til at slektene Chroicocephalus, Ichthyaetus, Hydrocoloeus og Leucophaeus vart tekne opp att for fleire artar som tidlegare var plasserte i Larus.

Taksonomien til dei store måsane i komplekset kring gråmåse og sildemåse er komplisert, og ulike autoritetar har anerkjent alt frå to artar tidlegare til åtte artar i nyare tid.

Slekta Larus vart innført i 1758 av den svenske naturforskaren Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae.[2] Slektsnamnet kjem frå gresk laros (λάῥος) eller latin larus, som truleg viste til ein måse eller ein annan stor sjøfugl.[3]

Typearten er svartbak (Larus marinus).[4] Det latinske namnet tyder «sjømåse», og måsane i denne slekta er generelt dei som vanlegast vert kalla «sjømåsar».

Artsoversyn

Medlemmer av Larus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...
Remove ads

Ringartar

Thumb
Måsane i Larus tidlegare tolka som ein ring rundt Arktis: 1. L. fuscus graellsii & L. f. intermedius (sildemåse i Vest-Europa); 2. L. fuscus fuscus (sildemåse i Nordaust-Europa); 3. L. fuscus heuglini (underart heuglini av sildemåse); 4. L. vegae birulai (underart birulai av sibirmåse); 5. L. vegae sensu stricto (sibirmåse); 6. L. smithsonianus (amerikagråmåse); 7. L. argentatus (gråmåse)

Den sirkumpolare gruppa av Larus-artar har ofte vorte nemnd som eit klassisk døme på ein ringart. Utbreiinga til desse måsane dannar eit belte kring Nordpolen. Gråmåse, som lever hovudsakleg i Storbritannia og Nord-Europa, kan krysse seg med amerikagråmåse i Nord-Amerika. Denne kan igjen krysse seg med sibirmåse eller «austsibirmåse», der den vestlege underarten birulai av sibirmåse, kan krysse seg med heuglinmåse, underarten heuglini av sildemåse. Sistnemnde kan krysse seg med den sibirske underarten av sildemåse. Denne rekk attende til nordvest-Europa, inkludert Storbritannia.

Men sildemåse og gråmåse er såpass ulike at dei sjeldan kryssar seg, slik at gruppa av måsar dannar eit kontinuerleg belte – bortsett frå i Europa, der dei to greinene møtest. Nyare genetiske studiar har likevel vist at dette eksempelet er mykje meir komplisert enn tidlegare framstilt, og truleg ikkje representerer eit godt døme på ein «ekte» ringart.[7]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads