Bergkallar
slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Bergkallar er ei biologisk slekt Cinclodes av sporvefuglar og medlem av omnfuglfamilien, Furnariidae. Alle artane i slekta har norske namn som deler fellesnemninga 'bergkall'.
Dette er omtrent 15 artar distribuert over sørlege Sør-Amerika og i Andes. Dei er bakkelevande fuglar av opne habitat, vanlegvis funne i nærleiken av vatn, til dømes fjellbekker eller i fjæra der dei beitar på små virvellause dyr. Dei er tettvokste fuglar med sterke bein og føter og spisse, litt nedbøygde nebb. Fjørdrakta er lite synleg og hovudsakleg brun, ofte med eit bleikt vengspegl, stripe over auget og over halehjørna. Dei har høge, trillande læte og vil ofte slå ut vengene medan dei syng.
Stjertbergkall er nær tuga, mens regentbergkall og snøbergkall er kritisk truga. Dei to sistnemnde lever i store høgder med små leveområde, og bestanden for begge artane er trudd å vere redusert til berre ca. 50 - 250 kjønnsmodne individ.[1][2]
Remove ads
Artslista
Cinclodes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
- Stjertbergkall, Cinclodes pabsti, Long-tailed Cinclodes, Sick, 1969, (NT)
- Kortnebbergkall, Cinclodes fuscus, Buff-winged Cinclodes, Vieillot, 1818, (LC)
- Sotbergkall, Cinclodes antarcticus, Blackish Cinclodes, Garnot, 1826, (NT)
- Rusttippbergkall, Cinclodes comechingonus, Cordoba Cinclodes, Zotta & Gavio, 1944, (LC)
- Rustvengbergkall, Cinclodes albidiventris, Chestnut-winged Cinclodes, Sclater, PL, 1860, (LC)
- Skjelbrystbergkall, Cinclodes olrogi, Olrog's Cinclodes, Nores & Yzurieta, 1979, (LC)
- Lysbukbergkall, Cinclodes albiventris, Cream-winged Cinclodes, Philippi & Landbeck, 1861, (LC)
- Gråflankebergkall, Cinclodes oustaleti, Gray-flanked Cinclodes, Scott, 1900, (LC)
- Grovnebbergkall, Cinclodes excelsior, Stout-billed Cinclodes, Sclater, PL, 1860, (LC)
- Regentbergkall, Cinclodes aricomae, Royal Cinclodes, Carriker, 1932, (CR)[1]
- Snøbergkall, Cinclodes palliatus, White-bellied Cinclodes, Tschudi, 1844, (CR)[2]
- Kvitvengbergkall, Cinclodes atacamensis, White-winged Cinclodes, Philippi, 1857, (LC)
- Stripebergkall, Cinclodes patagonicus, Dark-bellied Cinclodes, Gmelin, JF, 1789, (LC)
- Brottbergkall, Cinclodes taczanowskii, Surf Cinclodes, von Berlepsch & Stolzmann, 1892, (LC)
- Fjærebergkall, Cinclodes nigrofumosus, Seaside Cinclodes, d'Orbigny & Lafresnaye, 1838, (LC)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads