Citadel Bastion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Citadel Bastion er ei klipperik, flat høgd ved sørsida av enden av Saturnbreen, mot George VI Sound og Rymill Coast, som ligg på austsida av Aleksanderøya i Antarktis. Den største høgda er kring 645 moh. Citadel Bastion ligg ved Hodgson Lake. Dette fjellet vart kartlagt frå flyfotografi teken av Ronne Antarctic Research Expedition i 1947–48 og frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey i 1948–50. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee fordi det liknar ei festning med eit vakttårn i enden av eine veggen.[1][2]
Citadel Bastion er ein av fleire nunatakar med utspring frå krittida av sedimentære bergartar som dannar det 6,8 kilometer-tjukke Fossil Bluff-gruppa, som ligg under den austlege delen av Aleksanderøya. Ein har her funne mykje plantefossil og fossile skogar.[3]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads