City to City
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
City to City er eit studioalbum frå 1978 og det andre albumet til den skotske visesongaren Gerry Rafferty. Det var det første soloalbumet til Rafferty på seks år, og den første utgjevinga hans av noko slag sidan 1975 på grunn av tida hans i bandet Stealers Wheel og ei påfølgjande rettssak som hindra Rafferty i å gje ut nokre soloalbum dei neste tre åra. Albumet vart godt motteke og nådde første plassen på den amerikanske albumlista og selde til platinaplate,[4] i tillegg til å nå sjetteplassen i Storbritannia, der det selde til gullplate. «Baker Street», «Right Down the Line» og «Home and Dry» vart hittar. «Baker Street» vert rekna som signaturlåten til Rafferty og i oktober 2010 hadde songen runda 5 millionar avspelingar på britisk radio.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Gerry Rafferty, utanom der andre er nemnde
Singlar
Baker Street
- For meir om dette emnet, sjå Baker Street av Gerry Rafferty.
United Artists ønskte å bruke «City to City» som den første singelen frå albumet, men Rafferty meinte at «Baker Street» var eit betre val og han vart etter kvart den første singelen i dei fleste land. Singelen kom ut 3. februar 1978 og vart særs populær. Songen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart og andreplassen på Billboard Hot 100 i USA. Songen var med på å få albumet til topps på Billboard 200 i ei veke sommaren 1978. B-sida til «Baker Street» var «Big Change in the Weather», ein sjeldan song som ikkje var med på albumet. Han kom først ut som bonusspor på albumet i 2011.
Right Down the Line
«Right Down the Line» nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og låg fire veker på rad på toppen av Easy Listening-lista i USA i 1978,[5] den einaste songen av Rafferty som nådde toppen av ei liste i USA.
Home and Dry
«Home and Dry» var den tredje singelen frå albumet i USA, men kom ikkje ut i Storbritannia. Han nådde 28. plassen på Billboard Hot 100, som den tredje singelen hans på rad. B-sida var ein song frå City to City, «Mattie's Rag».
City to City
Tittelsporet kom ut på singel i Belgia (1977) og Nederland (1978). B-sida var ein lengre versjon av «Mattie's Rag».[6]
The Ark
«The Ark» vart gjeven ut på singel i Nederland og Tyskland i 1978. Den nederlandske versjonen hadde B-sida «Waiting for the Day» medan den tyske versjonen nytta «Whatever's Written In Your Heart». Begge B-sidene var frå albumet.[7]
Whatever's Written in Your Heart
«Whatever's Written In Your Heart» var den einaste songen som vart gjeven ut som promosingel i Storbritannia i 1978. «Waiting for the Day» vart nytta som B-side.[8]
Remove ads
Medverkande
- Gerry Rafferty – vokal, akustisk gitar 1 4 5, korvokal 1 7, piano 10
- Gary Taylor – bass 1 2 3 4 5 6 8 9 10, korvokal 4
- Henry Spinetti – trommer 1 2 3 4 5 6 8 10
- Hugh Burns – gitar 2 3 4 5 8 9 10
- Tommy Eyre – piano 1 3 6 7 8, elektrisk piano 5 9 10, flygel 5, Moog synthesizer 2 5 7 8, orgel 3 9 10, klaverinstrument 2 4, blåseinstrument-arrangement 10
- Graham Preskett – feles 1 4 6 10, strykearrangement 2 6 8, strykarmaskin 5 6, blåsararrangement 6, mandolin 1
Andre medverkande
- Jerry Donahue – gitar 1
- Glen LeFleur – tamburin 1 5, perkusjon 2 3 10, trommer 9
- Barbara Dickson – korvokal 1 7
- Nigel Jenkins – gitar 2 8
- Raphael Ravenscroft – saksofon 2 9
- Brian Cole – steelgitar 3 4 5 9, dobro 6
- Roger Brown – korvokal 4
- Vivian McAuliff – korvokal 4
- John McBurnie – korvokal 4
- Rab Noakes – korvokal 4
- Paul Jones – munnspel 4
- Hugh Murphy – tamburin 4
- Micky Moody – akustisk gitar 5
- Willy Ray – trekkspel 6 9
- Joanna Carlin – korvokal 7
- Andy Fairweather-Low – rytmegitar 10
Lister
Album
Singel
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads