Civitavecchia
kommune i Italia From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Civitavecchia er ein by i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen er ein hamneby ved kysten av Tyrrenhavet, om lag 80 km vest-nordvest for Roma, på andre sida av elva Mignone. Hamna er forma av to moloar og ein bølgjebrytar, der det står eit fyr.
Civitavecchia tyder «gamal by».
Remove ads
Historie
Den moderne byen vart grunnlagd oppå ein gamal etruskisk busetnad.
Hamna vart konstruert av keisar Trajan på byrjinga av 100-talet. Namnet Centum Cellae vart først gong nemnd i skriftlege kjelder av Plinius den yngre (år 107 evt.). Opphavet til namnet er omstridd og det kan mellom anna referere til dei centum («hundre») hallane i villaen til keisaren.
Seint i mellomalderen var Centumcellae ein viktig by for austromarane. Han vart erobra av sarasenarar i 828 og seinare ein del av Kyrkjestaten.
Staden vart ei frihamn under pave Innocens XII i 1696. Som hovudhamna for Roma i moderne tider vart han okkupert av franskmennene i 1849. 16. april 1859 vart det opna jernbanesamband til Roma. Troppane til paven opna portane til festninga for den italienske generalen Bixio i 1870.
Under den andre verdskrigen vart Civitavecchia hardt råka av dei allierte sine bombetokt, og mange sivile mista livet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Civitavecchia» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
- Port of Rome
- Bilete av Michelangelo-festninga Arkivert 2008-01-23 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads