Clodagh Simonds
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Clodagh Simonds (fødd 16. mai 1953) er ein irsk musikar, låtskrivar og songar.
Remove ads
Biografi
Berre elleve år gammal skipa ho det første bandet sitt, Mellow Candle, med to skulevener, Alison Bools og Maria White. Dei gav ut den første singelen sin, «Feelin' High», på SNB Records i 1968, då ho var 15. Tre år seinare, med ei utvida besetning, gav Mellow Candle ut det einaste albumet sitt, Swaddling Songs, som selde dårleg, men seinare fekk gode meldingar. Gruppa vart oppløyst i 1973.
Mellom 1972 og 1975 var ho gjest på det andre albumet til Thin Lizzy, Shades of a Blue Orphanage, og to Mike Oldfield-album: Hergest Ridge og Ommadawn, og hjelpte Oldfield med tittelen på det sistnemnde. Ho er òg med på Oldfield-albumet Amarok, den andelege oppfølgjaren til Ommadawn frå 1990. Mellom 1976 og 1986 budde ho i New York der ho arbeidde i eit band med Carter Burwell og Stephen Bray, og skreiv musikk for to musikalar på La MaMa ETC. Stundom arbeidde ho òg for Virgin Records.[1]
I 1999 spelte Simonds inn ein versjon av Syd Barrett si setting av James Joyce-diktet «Golden Hair» til Russell Mills sitt album Pearl and Umbra.[2]
I 2002 skipa Simonds sitt eige platemerke, Janet Records, og det lause kollektivet Fovea Hex, som gav ut ei rekkje innspelingar med Brian Eno, Roger Eno, filmkomponisten Carter Burwell, Andrew McKenzie frå Hafler Trio, Steven Wilson, Colin Potter (frå Nurse With Wound), Robert Fripp, Percy Jones, Michael Begg, Laura Sheeran, Cora Venus Lunny, Roger Doyle, cellisten Kate Ellis og andre. Ho har òg vore med på innspelingar av Current 93, Matmos, Steven Wilson og Brian Eno.[3][4]
Remove ads
Diskografi
Album
- Mellow Candle – Swaddling Songs (Deram, 1971)
- Fovea Hex – Bloom (del 1 av Neither Speak Nor Remain Silent, Janet Records/Die Stadt, 2005)
- Fovea Hex – Huge (del 2 av Neither Speak Nor Remain Silent, Janet Records/Die Stadt, 2006)
- Fovea Hex – Allure (del 3 av Neither Speak Nor Remain Silent, Janet Records/Die Stadt, 2007)
- Fovea Hex – Here Is Where We Used To Sing, Janet Records, 2012
- Fovea Hex - The Salt Garden 1, Headphone Dust/Die Stadt, 9. mars 2016
- Fovea Hex - The Salt Garden 2, Headphone Dust/Die Stadt, June 2017
Singlar
- Mellow Candle – «Feelin High»/«Tea with the Sun» (SNB, 1968)
- Mellow Candle – «Dan The Wing»/«Silversong» (Deram, 1971)
- Fovea Hex & Andrew Liles – «Gone»/«Every Evening» (Die Stadt, 2007)
Utvalde gjesteframføringar
- Thin Lizzy – Shades of a Blue Orphanage (vokal, piano, mellotron)
- Mike Oldfield – Hergest Ridge (vokal)
- Mike Oldfield – Ommadawn (vokal, tekst)
- Mike Oldfield – Tubular Bells III (vokal)
- Jade Warrior – Kites (vokal)
- Mike Oldfield – Amarok (vokal)
- Russell Mills – Pearl + Umbra (vokal, harmonium)
- Tunnels med Percy Jones – Natural Selection (handsama vokal)
- Current 93 – Black Ships Ate The Sky (vokal, zither, psaltery)
- Matmos – For Alan Turing (vokal for Molly Malone)
- Human Greed – Black Hill: Midnight At the Blighted Star (piano)
- Steven Wilson – Insurgentes, (vokal, tekst)
- Thinguma*jigsaw – Misery Together (piano på spor: «Folkgore / Dulce Et Decorum Est Pro Pornografica Mori») (2012)
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads