Tubular Bells III
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tubular Bells III er det 18. studioalbumet til Mike Oldfield, gjeve ut i 1998 av Warner Music UK. Det var ein oppfølgjar til Tubular Bells frå 1973 og Tubular Bells II frå 1992, og kom ut i høve 25-årsjubileet til det første Tubular Bells-albumet.
Oldfield skapte albumet då han budde på Ibiza, og har sagt at inspirasjonen for somme av dei elektroniske elementa kom frå musikkstilane han høyrde på barane og klubbane på øya.[1]
I motsetnad til Tubular Bells II, har ikkje Tubular Bells III eit mønster frå dei to stykka frå originalen, men refererer i staden til noko musikk frå dette albumet.[2] Til dømes refererer «The Source of Secrets» til «Introduction»-delen på originalalbumet,[3] og «Far Above the Clouds» refererer til «Finale» av «Tubular Bells (Part One)».[1]
Remove ads
Vokalistar
Songane «The Source of Secrets», «Jewel in the Crown» og «Secrets» har Amar som vokalist. Oldfield kan høyrast på «Outcast». «The Inner Child» vart sungen av Luar Na Lubre-vokalisten Rosa Cedrón og «Man in the Rain» av den irske visesongaren Cara Dillon.
Mottaking
Tubular Bells III er det minst suksessrike av dei tre Tubular Bells-albuma, men nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista, medan dei to andre toppa lista. Albumet fekk blanda kritikk. Mange kommenterte likskapen mellom «Man in the Rain» og hitten «Moonlight Shadow».
Innhald
Alle spor av Mike Oldfield.
Salslister
Salstrofé og salstal
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads