Cocaine Decisions

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Cocaine Decisions» er ein song frå 1983 av Frank Zappa, frå albumet The Man from Utopia. Songen vart gjeven ut som singel same året. Eit konsertopptak av songen finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Tyding

Zappa hadde mange antidop-songar som «Who Needs the Peace Corps?» frå We're Only in It for the Money, «Cosmik Debris» frå Apostrophe ('), «Charlie's Enourmous Mouth» frå You Are What You Is og «I Come From Nowhere» frå Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch. I motsetnad til hippiar, dopforhandlarar, ungdom og junkiar, er målet i denne songen dei rike Wall Street-direktørane, legane og advokatane. Tekstlinja «But if you are wasted from the stuff you're stickin' in it. I get madder every day 'cause what you do 'n' what you say affects my life in such a way. I learn to hate it every minute!» er retta mot Zappa sine eigne produsentar og studiosjefar.

Remove ads

Opprør

Under ein konsert i Palermo i Italia i 1982, hadde enkelte i publikum med seg våpen og skapte eit opprør under «Cocaine Decisions» som førte til at politiet måtte bruke tåregass for å bryte ned opprøret.[2] Zappa sa «Me spelte i ein og ein halv timemed tåregass i andletet vårt og alt anna, og då det var over var me fanga innandørs.» Opprøret inspirerte plateomslaget på albumet The Man From Utopia.

Remove ads

Innhald

A.«Cocaine Decisions» - 2:56
B.«SEX» - 3:00[3]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads