Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch er eit album av Frank Zappa, gjeven ut i mai 1982 og digitalt remastra i 1991. Det består av fem songar av Zappa, og ein song, «Valley Girl», skriven i lag med dottera Moon Unit Zappa, som talar ein monolog som hånar slangdialekten til jenter frå skulen hennar.[2]
Den første halvdelen av albumet består av studioinnspelingar, medan den andre er konsertopptak. På vinylutgåva var desse to delane første og andre side av plata.
«Valley Girl» var ein av dei mest suksessrike singlane til Zappa.
Remove ads
Produksjon
Det meste av studioinnspelingane vart spelt inn i Zappa sitt heimestudio, Utility Muffin Research Kitchen i Los Angeles; medan konsertopptaka var frå konsertar i 1981 og 1982. Konsertopptaka var opphavleg meint for eit album det aldri vart noko av, Chalk Pie. Det vart skrinlagt etter at piratkopiar av albumet kom på marknaden.
Plateomslaget består av ei skisse som albumet fekk namn eter. Formene indikerer bokstavane 'ZA' (og 'P', sidevegs), som i 'Zappa'.
Songen «Drowning Witch» er ein av dei mest komplekse instrumentalane Zappa nokon gong skreiv med musikalske sitat frå Vårofferet av Stravinsky og kjenningsmelodien til Dragnet.
Albumet vart gjeve ut på CD av EMI med The Man from Utopia på same plate, og sidan av Barking Pumpkin og Rykodisc.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Frank Zappa
Medverkande
- Frank Zappa – Sologitar, vokal
- Steve Vai – gitar (omtalt som «Impossible Guitar Parts»)
- Ray White – Rytmegitar, vokal
- Tommy Mars – klaverinstrument
- Bobby Martin – klaverinstrument, saksofon, vokal
- Ed Mann – Perkusjon
- Scott Thunes – Bass på «Drowning Witch», «Envelopes», «Teen-age Prostitute» og «Valley Girl»
- Arthur Barrow – Bass på «No Not Now» og den første delen av «I Come From Nowhere»
- Patrick O'Hearn – Bass på gitarsolo i «I Come From Nowhere»
- Chad Wackerman – Trommer
- Roy Estrada – Vokal
- Ike Willis – Vokal
- Bob Harris – Vokal
- Lisa Popeil – Vokal på «Teen-Age Prostitute»
- Moon Unit Zappa – Vokal på «Valley Girl»
Salslister
Album
Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1982 | Pop Albums | 23[3] |
Singlar
Song | Liste | Plassering |
---|---|---|
«Valley Girl» | Mainstream Rock | 12[3] |
Pop Singles | 32[3] |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads