Color Me Badd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Color Me Badd er ei R&B-vokalgruppe som vart danna i Oklahoma City i Oklahoma i USA. Dei originale medlemmane i gruppa var Bryan Abrams, Mark Calderon, Sam Watters og Kevin Thornton. Gruppa selde 12 millionar plater i USA.
Vokalkvartetten vart danna då medlemmane gjekk på high school i Oklahoma City, før dei flytta til New York. Dei skreiv både danselåtar og oppriktige balladar. Gruppa fekk kontrakt med Giant Records, og braut gjennom i 1991 med «I Wanna Sex You Up» på soundtracket til New Jack City. Songen vart gjeven ut som singel og nådde toppen av R&B-lista i USA og topp 5 på poplista, medan plata selde til dobbel platinaplate. Dei følgde opp med hitten «I Adore Mi Amor», som nådde toppen av både pop- og R&B-lista i USA. Debutalbumet deira, C.M.B., følgde, og selde over tre millionar plater og gav enno ein hitsingel, «All 4 Love», og topp 20-singlane «Thinkin' Back» og «Slow Motion».
Den neste singelen til Color Me Badd var ein annan filmsong, «Forever Love» frå Mo' Money, den sjette singelen deira på rad som nådde topp 20 i USA. I 1992 vart dei berre bak Boyz II Men når det kom til popsinglar det året. Gruppa gav ut remixsamlinga Young, Gifted and Badd - The Remixes medan dei spelte inn eit nytt album. Albumet Time and Chance i november 1993. Det inneheld to singlar som nådde topp 20, tittelsporet og «Choose», men albumet selde elles skuffande etter den enorme suksessen til debutalbumet.
Now & Forever kom i 1996 og gav Color Me Badd den siste topp 20-singelen deira med «The Earth, the Sun, the Rain», men albumet selde dårleg. Det siste albumet til bandet, Awakening, vart spelt inn for Sony Records, men etter dårleg sal vart gruppa oppløyst.
Bandet har hatt nokre gjenforeiningar i seinare år.
Remove ads
Diskografi
Studio albums
Singlar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads