Come from the Shadows
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Come from the Shadows var eit studioalbum frå 1972 av Joan Baez. Etter å ha gjeve ut musikk på det sjølvstendige selskapet Vanguard i meir enn ti år, signerte Baez for A&M og prøvde å ta karrieren sin i ei noko meir «kommersiell» retning (sjølv om albumet framleis hadde nokre politiske overtonar). I tillegg til sine eigne songar, som «Prison Trilogy», «Love Song to a Stranger», «Myths» og «To Bobby» (ein song til Bob Dylan), spelte Baez John Lennon sin «Imagine», Anna Marly sin «Song of the Partisan» og Mimi Fariña sin «In the Quiet Morning (for Janis Joplin)».
«In the Quiet Morning» og «Love Song to a Stranger» vart gjevne ut på singlar.
Albumet vart spelt inn i Quadrophonic Sound Studios i Nashville.
Plateomslaget syner eit eldre par som vert arrestert under ein antikrigsdemonstrasjon medan dei held hender og syner fredsteiknet då dei vert ført bort.
Remove ads
Mottaking
Noel Coppage frå Stereo Review var skuffa over albumet og meinte det var «berre generelt behageleg» og «dårleg konstruert».[1] Robert Christgau gav Come from the Shadows ein «C+» i magasinet Creem. Han gjorde narr av forsøket til Baez på populistisk politikk og det kultiverte vokabularet hennar, og blinka eg teksten ut til «Myths»: «Eg veit ikkje kva Folket gjer, men vanlege folk seier 'scattered upon the four winds,' ikkje 'upon the four winds scattered.' Faktisk seier dei ikkje 'scattered upon the four winds' heller».[2] William Ruhlmann i AllMusic gav seinare albumet tre av fem stjerner.[3]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Joan Baez, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Joan Baez – gitar, vokal
- Stuart Basore – steelgitar
- David Briggs – klaverinstrument
- Kenneth Buttrey – trommer
- Grady Martin – gitar
- Charlie McCoy – munnspel, gitar
- Farrell Morris – perkusjon
- Weldon Myrick – steelgitar
- Norbert Putnam – bass
- Glen Spreen – klaverinstrument, strykearrangement
- Pete Wade – gitar
- John «Bucky» Wilkin – gitar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads