David Paul Briggs
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
David Paul Briggs (fødd 16. mars 1943 i Killen i Alabama i USA) er ein amerikansk klaverspelar, plateprodusent, arrangør, låtskrivar og studioeigar. Han spelte på den første innspelinga si berre 14 år gammal og har sidan spelt klaverinstrument for mange artistar innan pop, rock og country, i tillegg til mange hundre reklamar.
- Denne artikkelen handlar om musikaren frå Alabama. For musikaren frå California, sjå David Briggs.
Remove ads
Karriere
I mai 1966[1] fekk Briggs høve til å spele med Elvis Presley på albumet How Great Thou Art då Floyd Cramer kom for seint i studio. Briggs heldt fram å spele og turnere med Presley fram til februar 1977.[2]
David Briggs og Norbert Putnam opna Quadrafonic Studios seint i 1960-åra. Det vart seld i 1976 og Briggs opna House of David.
Briggs var plateartist på Decca, Polydor og Monument i 1960-åra og medlem av bandet Area Code 615 1969-1971. Artistar han har arbeidd med er mellom anna Elvis Presley, Dean Martin, Joan Baez, Nancy Sinatra, B.B. King, Johnny Cash, Dolly Parton, Waylon Jennings, George Harrison, Todd Rundgren, Roy Orbison, The Monkees, J. J. Cale, Kris Kristofferson og mange andre.
David Briggs vart innelemma i Alabama Music Hall of Fame i 1999.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads