Come into My World
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Come into My World» er ein dansepopsong spelt inn av den australske songaren Kylie Minogue til studioalbumet Fever. Songen er den fjerde og siste singelen frå albumet, og han vann ein Grammy-pris i 2004.
Remove ads
Informasjon
Etter suksessen med den førre singelen «Love at First Sight» i USA kunngjorde Minogue at ho ville gje ut ein fjerde singel frå albumet Fever, og «Come into My World» vart valt. Songen vart skriven og produsert av Cathy Dennis og Rob Davis. Det fanst to versjonar, ein albumversjon og ein singelversjon, som ikkje vart utgjeve digitalt. Singelversjonen vart seinare utgjeven på samlealbumet Ultimate Kylie (2004).
Remove ads
Utgjeving og listeplasseringar
Singelen kom ut 2. november 2002, og nådde åttandeplassen på UK Singles Chart, og fjerdeplassen på dei australske hitlistene. Songen har selt til gull i Australia. Han nådde nummer trettifire i New Zealand, deretter nummer tjue, og blei verande på hitlistene i elleve veker. I USA nådde singelen nummer 91 på Billboard Hot 100. Songen hadde òg låge resultat i Europa og nådde nummer syttiåtte i Frankrike, nummer femten i Danmark og nummer tretten i Italia.
Remove ads
Komposisjon
«Come into My World» er ein dansepopsong som òg har element av house og disco. Songen inneheld òg mange elektroniske element som synthesizermelodiar.
Musikkvideo
Videoen til songen viser Kylie Minogue som går rundt eit kvartal i Boulogne-Billancourt, ein forstad til Paris i Frankrike. Kvar gong ho fullfører ein runde, kjem ei ny Minogue ut frå ein av butikkane og blir med. Kvar av personane i bakgrunnen er òg duplisert i litt ulike posisjonar. I slutten av musikkvideoen har ein fire versjonar av Minogue og kvart element i bakgrunnen. Videoen endar med at ei femte Minogue kjem ut.
Remove ads
Format og sporliste
Dette er formata og oppføringane av hovudutgjevingane av «Come into My World»:[1]
- Kanadisk CD
- «Come into My World» (Singelversjon) – 4:08
- «Come into My World» (Fischerspooner Mix) – 4:20
- Britisk CD 1
- «Come into My World» (Singelversjon) – 4:08
- «Come into My World» (Ashtrax Mix) – 5:02
- «Come into My World» (Robbie Rivera's Hard and Sexy Mix) – 7:00
- «Come into My World» (Video)
- Britisk CD 2
- «Come into My World» (Singelversjon) – 4:08
- «Love at First Sight» (Liveversjon 2002 Edit) – 4:19
- «Fever» (Liveversjon 2002) – 3:43
Remove ads
Andre remiksar
- «Come into My World» (Fischerspooner Slow Version) – 4:35
- «Come into My World» (Extended Mix) – 6:21
Topplisteplasseringar
Remove ads
Utgjevingshistorie
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads