Confederate States of America
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Confederate States of America (CSA), Dei konfødererte statane av Amerika, var ein konføderasjon skipa av tidlegare delstatar i Sambandsstatane (USA). I kortform vert statsdanninga omtala som konføderasjonen, Dixie eller berre som sørstatane. Etter at Abraham Lincoln vart vald til president i USA hausten 1860 frykta mange statar i sør at dei føderale styresmaktene i USA ville legge ned forbod mot slaveri. Som ein reaksjon frå dette valde sju delstatar (Sør Carolina, Mississippi, Florida, Alabama, Georgia, Louisiana og Texas) å erklære seg som uavhengige frå USA og danna Dei konfødererte statane. President Lincoln såg på fråtredinga frå Unionen som brot på den føderale grunnlova og sette i gang ein rekruteringsprosess der det vart rekrutert 75,000 frivilljuge soldatar til unionshæren som skulle sendast sørover for å slå ned på det Lincoln såg på som eit opprør. Som ein reaksjon på dette valde fire nye delstatar (Virginia, Arkansas, Nord Carolina og Tennessee) å gå over til Konføderasjonen. Jefferson Davis vart utpeika til å vera president for konføderasjonen. Slik vart Borgarkrigen i USA utløyst.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads