Connie Willis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Constance Elaine Trimmer Willis (fødd 31. desember 1945) er ein amerikansk science fiction- og fantasy-forfattar kjend under namnet Connie Willis. Ho har vunne elleve Hugo-prisar og sju Nebula-prisar for særskilde verk — fleire høgthengande prisar enn nokon anna forfattar.[1][2] I 2009 blei ho teken inni Science Fiction Hall of Fame,[3][4] og i 2011 blei ho utnemnd til SFWA Grand Master av Science Fiction Writers of America.[5]
Fleire av verka hennar tek for seg tidsreiser utført av historiestudentar ved Universitetet i Oxford i framtida.[6] Denne såkalla Time Travel-serien omfattar novella «Fire Watch» (1982), romanane Doomsday Book og To Say Nothing of the Dog (1992 og 1998) og den todelte romanen Blackout/All Clear (2010).[6] Alle fire vann Hugoprisen og alle bortsett frå To Say Nothing of the Dog vann også Nebulaprisen.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Willis blei fødd i Denver i Colorado. Ho studerte engelsk og pedagogikk ved Colorado State College (no University of Northern Colorado) som ho gjekk ut frå i 1967.[7][8] Ho gifta seg med Courtney Willis, som ei tid var fysikkprofessor ved University of Northern Colorado, og busette seg i Greeley i Colorado. Dei har ei dotter, Cordelia.
Willis arbeidde først som lærar. Ho gav ut si første novelle, «The Secret of Santa Titicaca», i bladet Worlds of Fantasy vinteren 1970 (desember).[9] Minst sju noveller følgde (1978–81) før debutromanen Water Witch, som ho skreiv med Cynthia Felice og gav ut på Ace Books i 1982.[9] Same året fekk ho eit stipend frå National Endowment for the Arts og slutta som lærar for å skriva på heiltid.[10]
Remove ads
Bibliografi
(utval)
- Water Witch (1982), med Cynthia Felice
- Lincoln's Dreams (1987)
- Light Raid (1989)
- Doomsday Book (1992)
- Impossible Things (1993)
- Uncharted Territory (1994)
- Remake (1994)
- Bellwether (1996)
- Promised Land (1997), med Cynthia Felice
- To Say Nothing of the Dog (1997)
- Passage (2001)

Prisar og utmerkingar
Hugoprisen
Vann
- Fire Watch : langnovelle : 1983
- The Last of the Winnebagos : kortroman : 1989
- Doomsday Book : roman : 1993[11]
- Even the Queen : novelle : 1993
- Death on the Nile : novelle : 1994
- The Soul Selects Her Own Society: Invasion and Repulsion: A Chronological Reinterpretation of Two of Emily Dickinson's Poems: A Wellsian Perspective : novelle : 1997
- To Say Nothing of the Dog : roman : 1999[12]
- The Winds of Marble Arch : novelle : 2000
- Inside Job : kortroman : 2006
- All Seated on the Ground :roman : 2008
Nomineringar
- Daisy, In the Sun : novelle : 1980
- The Sidon in the Mirror : langnovelle : 1984
- Blued Moon : langnovelle : 1985
- Spice Pogrom : kortroman : 1987
- At the Rialto : langnovelle : 1990
- Time-Out : kortroman : 1990
- Cibola : novelle : 1991
- In the Late Cretaceous : novelle : 1992
- Jack : kortroman : 1992
- Miracle : langnovelle : 1992
- Remake : roman : 1996[13]
- Passage : novelle : 2002[14]
- Just Like the Ones We Used to Know : kortroman: 2004
Nebulaprisen
Vann
- Fire Watch : langnovelle : 1983
- A Letter from the Clearys : novelle : 1983
- The Last of the Winnebagos : kortroman : 1988
- At the Rialto : langnovelle : 1990
- Doomsday Book : roman : 1993[11]
- Even the Queen : novelle : 1993
Nomineringar
Locusprisen
Vann
Nominering
- Lincoln's Dreams: roman : 1988[16]
Arthur C. Clarke–prisen
Nomineringar
World Fantasy Awards
Nomineringar
- Chance : novella : 1987
- The Winds of Marble Arch : kortroman : 2000
John W. Campbellprisen for beste roman
Vann
- Lincoln's Dreams: 1988[16]
Britiske Science Fiction Association sin pris
Nominering
- Doomsday Book: roman : 1993[11]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads