Corroboree
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Corroboree er eit generisk ord for eit samkome av australske aboriginar. Det kan vera ein heilag seremoni, eit festleg høve eller ha krigersk karakter. Ordet blei danna av dei fyrste britiske busetjarane i Sydney-området av eit ord i det lokale språket dharug. Ein corroboree omfattar vanlegvis dans, musikk, oppkleding og gjerne kroppsdekorasjon.


Remove ads
Ordsoge
Ordet «corroboree» blei teke i bruk av britiske busetjarar kort tid etter koloniseringa etter det australske ordet garaabara, som tyder ‘dans’. Det gjekk dermed inn i det australske engelsk som eit lånord.[1]

I heile Australia kan ordet «corroboree» omfatta songar, dansar, samlingar og møte av ulike slag. Corroboreear har også omfatta sportstilstellingar og andre former for framsyning av dugleik.[2]
Ei anna skildring er «ei samling av aboriginske australiarar som samverkar med Drøyminga gjennom song og dans».[3]
Remove ads
Sjå også
- Corroboree 2000, ei forsoningstilstelling i Sydney
- «Corroboree», eit dikt av Max Fatchen[4]
- Luau
- Pow wow
- Wangga, tradisjonell musikk og seremoni i nordvestleg Australia
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads