Aboriginar

Australias urfolk From Wikipedia, the free encyclopedia

Aboriginar
Remove ads

Aboriginar (latin ab origine, 'frå byrjinga') er ei samnemning for australske urfolk. Ho omfattar som regel ikkje urfolka frå Torres Strait Islands, som har papuansk opphav.

Thumb
Den australske aboriginarflagget, utforma av Harold Thomas

Historie

Dei aller første aboriginane kom til Australia via Søraust-Asia for minst 65 000 år sidan, og danna opptil 500 ulike språkbaserte grupper.[1]

Dei førte ein nomadisk livsstil som jegerar og samlarar. [2] Arbeidet var ofte fordelt slik at kvinner samla råvarer til mat, klede og verktøy medan menn jakta med spyd, slynger og bumerangar. Maten og andre ressursar blei så delt av alle medlemmene i ein klan som gjerne var sett saman av eit par brør med koner og ungar. Fleire klanar utgjorde ein stamme som søkte saman og hjelpte kvarandre i uår.

Frå 1700-talet vart Australia ein koloni under Storbritannia. Urinnvånarane vart utsette for brutal assimilering av kolonimakta og folketalet sank mykje. Aborginane hadde ikkje same rettar som dei britiske innbyggarane og fekk røysterett først i 1967. I 2008 fekk aboriginane ei offisiell orsaking, men dei opplever framleis diskriminering og rasisme.[2]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads