Cotton Fields

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Cotton Fields» er ein song skriven av bluesartisten Huddie Ledbetter, betre kjend som Lead Belly. Han har vorte spelt inn av Bill Monroe, Teresa Brewer, Harry Belafonte (1958), The Highwaymen (1961, nådde 13. plassen på Billboard si popliste), Johnny Cash (1962), Johnny Mann Singers (1962), Buck Owens (1963), Odetta (1963), Ace Cannon (1963), The Seekers (1964), New Christy Minstrels (1965), Trini Lopez (1960-åra), Unit 4 + 2 (1965), The Robert De Cormier Singers (1966), The Beach Boys (1969-1970), Wings & Paul McCartney - 1970-åra, Creedence Clearwater Revival (1969), Frantic Flintstones og Buckwheat Zydeco (1994).

Songen nemner at bomullsåkrane (cotton fields) er «nede i Louisiana, berre om lag ein mile frå Texarkana». Dette er ikkje geografisk mogeleg sidan Texarkana ligg om lag 30 miles nord for grensa til Louisiana.

Remove ads

Beach Boys-utgåva

Meir informasjon The Beach Boys-kronologi ...

«Cotton Fields» vart spelt inn av det amerikanske popbandet The Beach Boys og gjeven ut på albumet deira 20/20 i 1969 med Al Jardine på solovokal. Songen vart spelt inn 18. november 1968.

Al Jardine var misnøgd med arrangementet til Brian Wilson og fekk seinare gruppa til å gjere ei ny innspeling av songen. Dette vart gjort 15. august 1969 med Orville «Red» Rhodes på steelpedalgitar. Han vart gjeven ut som «Cottonfields». Singelen vart ikkje ein hit i USA, men vart ein stor internasjonal hit våren og sommaren 1970. Det var den siste singelen bandet gav ut på Capitol Records. Singelen nådde berre 103. plass i USa, men i Storbritannia nådde han 5. plass og i Noreg gjekk han heilt til topps.

Remove ads

Andre utgåver

  • Creedence Clearwater Revival på albumet Willy and the Poor Boys (1969). Denne utgåva nådde førsteplassen i Mexico i 1970.
  • Esther Ofarim song «Cottons Fields» på fjernsyn i 1969.
  • Elton JohnReg Dwight's Piano Goes Pop
  • Elvis Presley
  • Harry BelafonteBelafonte Sings the Blues (1958) og albumet Belafonte at Carnegie Hall, (1959)
  • Harry Dean Stanton, i ein scene i filmen Cool Hand Luke.
  • Johnny Cash på albumet The Sound of Johnny Cash
  • Johnny Mann Singers på albumet Golden Folk Song Hits
  • New Christy Minstrels på albumet Chim-Chim-Cheree
  • Odetta på albumet One Grain Of Sand (1963)
  • Odetta and LarryThe Tin Angel (1954)
  • Petula Clark på fransk som «L'enfant do» på ein fransk EP.
  • The Pogues på albumet deira Peace and Love (1989) (musikalsk ein annan song)
  • The Seekers på albumet deira The Seekers (1964)
  • Teresa BrewerThe Muppet Show
Remove ads

Kjelder

Føregangar
«In the Summertime»
Mungo Jerry
Toppen av VG-lista
The Beach Boys

3 veker, veke 37–39, 1970
Etterfylgjar
«En sån dag/Mitt sommarlov»
Anita Hegerland


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads