Coz I Luv You

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Coz I Luv You» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1971 som ein singel utan album. Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen gjekk til topps på den britiske singellista og var den første singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i 15 veker.[4]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I 1972 vart eit samlealbum med same namn gjeve ut utafor Storbritannia.[5] Songen var med på samlealbumet og kom òg ut på det neste samlealbumet deira, Sladest i 1973.[6]

Songen vart gjeven ut som oppfølgjar til det kommersielle gjennombrotet deira med versjonen deira av Bobby Marchan sin «Get Down and Get with It» i mai 1971. Denne nådde 16. plassen i Storbritannia.[7] «Coz I Luv You» vart spelt inn med elektrisk fiolin spelt av Lea.

«Coz I Luv You» vart seinare nytta i filmen Velvet Goldmine frå 1998 og i ein episode av TV-serien Life on Mars.

Remove ads

Format

7"-singel
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «My Life is Natural» - 3:12
7"-singel (Israel)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Get Down and Get with It» - 4:12
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Coz I Luv You» - 3:24
7"-singel (Tysk «Golden Greats»-serie)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
7"-singel (Belgisk «Golden Oldies»-serie)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Gudbuy T'Jane» - 3:33
CD-singel (Tysk utgåve frå 1993)
  1. «Coz I Luv You» - 3:30
  2. «Gudbuy T'Jane» - 3:30
  3. «I Don't Mind» - 3:06
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1971), Plassering ...

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Coverversjonar

  • I 1971 gav Alan Caddy Orchestra and Singers ut ein versjon av songen på albumet Six Top Hits.[15]
  • I 1973 spelte Vandyke Brown, Unicorn Express og Indigo Blue inn songen i lag med Slade-songane «Cum On Feel the Noize» og «Take Me Bak 'Ome» for albumet Million Copy Hit Songs Made Famous by Slade, T. Rex, Sweet.[16]
  • I 1991 spelte Ian Edmundson inn ein versjon av songen under pseudonymet Go Crazy, som ein hyllest til 25-årsjubileet til Slade.[17]
  • I 1992 spelte det britiske alternative rockebandet The Wonder Stuff inn songen for ulike samlealbum Ruby Trax - The NME's Roaring Forty.[18]
  • I 1994 spelte Jim Lea inn to versjonar av songen og gav dei begge ut på singlar. Den første vart gjeven ut under artistnamnet «The X Specials» og den andre som «Jimbo featuring Bull».[19]
  • I 2000 spelte Noddy Holder inn ein akustisk versjon for ITV-dramaserien The Grimleys, der Holder spelte. Songen vart seinare gjeven ut digitalt i 2008 på Slade sitt eige plateselskap, Whild John Music Ltd.[20]
  • I 2002 spelte det tyske hardrockbandet Böhse Onkelz inn songen som B-side for singelen deira «Keine Amnestie für MTV».[21]
  • Sidan 2006 har den engelske songaren James Blunt stundom framført songen på konsertane sine.
  • I 2007 vart songen sampla av Evidence for songen «Things You Do» som kom ut på albumet The Weatherman LP.[22]
  • I 2015 inkluderte punk band Vice Squad songen på CD-singelen «Run Run Rudolph».[23]
  • I 2015 spelte rockebandet Kamyaniy Gist denne songen på ukrainsk for albumet 70/80.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads