Sladest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sladest er eit samlealbum av det britiske rockebandet Slade. Det vart gjeve ut av Polydor den 28. september 1973 og selde til sølvplate i Storbritannia den månaden. Det låg på lista i 24 veker.[1] Albumet selde til gullplate i Storbritannia i november 1973.[2] I Amerika vart Sladest gjeve ut av Reprise med ei anna sporliste. Det nådde 129. plassen på Billboard 200.[3]

Meir informasjon Slade-kronologi ...
Remove ads

Bakgrunn

I 1973 var Slade eit av dei mest populære banda i Storbritannia, etter å ha oppnådd to nummer éin-singlar - «Cum On Feel The Noize» og «Skweeze Me, Pleeze Me» - på tre månader. Begge hadde gått rett til topps på lista, noko som var ein sjeldan bragd den gongen og ikkje hadde vorte oppnådd sidan The Beatles med «Get Back» i 1969. Likevel kort tid etter utgivinga av «Skweeze Me, Pleeze Me», var trommeslagaren Don Powell involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli 1973. Ulykka sette framtida til bandet i tvil, og trass i den kritiske tilstanden hans klarte Powell å komma seg.[4]

Medan dei spelte inn det neste studioalbumet sitt, Old New Borrowed and Blue, valde Slade å gje ut ei samleplate for å oppretthalde momentet til bandet. Sladest kom ut i september 1973 på same dagen som den nye singelen «My Friend Stan». Sladest toppa den britiske albumlista og vart ein suksess i Europa og andre stader. Den første veka selde det til sølvplate i Storbritannia og i november hadde det oppnådd gullplate for 200 000 selde eksemplar.[5][6] Det låg på toppen av lista dei første tre vekene etter det kom ut og gjekk seinare til topps på lista igjen i midten av januar 1974 etter suksessen til «Merry Xmas Everybody».[1]

Utgjeving

Sladest skulle opphavleg heite «The Best of Slade».[7][8] Det bestod av fjorten spor og inneheld åtte av hitsinglane deira fram til då, i lag med seks andre spor som kom frå tida før dei slo gjennom i 1971. I Amerika vart albumet gjeve ut av Reprise (Warner Bros. Records), og var den første utgjevinga deira for selskapet. Utgjevinga bestod av ti spor, inkludert åtte av hitsinglane deira, i tillegg til «My Friend Stan» og B-sida 0«My Town».

Sladest vart først gjeven ut på CD i Japan i 1988.[9] Ei utgåve på CD i Europa og Storbritannia kom i 1993.[10][11] I 2011 vart albumet ommastra og gjeve ut på CD av Salvo. Det inneheld fire ekstra spor, mellom anna den tidlegare ikkje-utgjevne studioutgåva av «Hear Me Calling».[12]

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Då albumet kom ut i Amerika skildra Ken Barnes i Rolling Stone albumet som ei «omfattande samling», som gav «uforbedrande perspektiv på dei tidlegare suksessane deira, i tillegg til nokre av dei villaste rock-and-roll-songane du nokon gong vil høyra». Han oppsummerte albumet som «årets beste rockealbum».[16] Robert Christgau meinte at Slayed? var «mindre melodirikt», han føretrekte dette føre Sladest, som inneheld songar som såg «desse anglopop-fenomane bli til galne galningar».[17] Billboard meinte albumet var ein «ekstremt smart manøver», og tente «både føremålet med å introdusere dei som eit singelband og gav dei nesten ein ny start med det amerikanske publikummet».[18]

I ei seinare melding skreiv Paul Tinelli i AllMusic at albumet inneheld «alle songane som hjelpte bandet å selje tonnevis av plater og fylle arenaer i Storbritannia tidleg i 1970-åra.» Han meinte materialet som gjekk bort frå «suksessformelen med fengande gitarriff og store refreng mislukkast».[13] I 2003 inkluderte Spin albumet på lista si over «essensiell glamrock». Dei skreiv at materialet hadde «vindtunnel gitar og refreng den mest lager-fulle bølla kunne synge med på», og la til at dei «stadion-stampande anthem-ane her køyrer spekteret frå dum til dummare.»[19]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonuspor på Salvo-utgåva frå 2011

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Amerikansk utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Salslister

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...

Medverkande

Slade
Andre medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads