Crisalide (Vola)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Crisalide (Vola)» (italiensk for 'Kokong (Fly)') er det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på italiensk av Valentina Monetta. Songen er skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri.
Ein engelsk versjon av songen, titulert «Chrysalis (You'll Be Flying)», var òg spelt inn med tekst av Timothy Touchton.[1]
Remove ads
Eurovision Song Contest 2013
For andre år på rad vart Valentina Monetta vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) til å representere San Marino i Eurovision Song Contest, denne gongen i Malmö i Sverige med den italienskspråklege songen «Crisalide (Vola)», skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri. San Marino deltok i den andre semifinalen 16. mai 2012 og enda på ellevteplass med 47 poeng; ti frå Spania, seks frå Malta, fem frå Makedonia og Frankrike, fire frå Israel, Armenia og Romania, tre frå Latvia, to frå Ungarn og eitt frå Aserbajdsjan, Finland, Hellas og Georgia. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. Monetta slo sin eigen rekord frå året før, og bidraget frå 2013 er førebels det sanmarinske bidraget med best plassering. Bidraget var òg det beste mellom dei bidraga som ikkje kvalifiserte seg frå båe dei to semifinalane.
Remove ads
Andre versjonar
- «Chrysalis (You'll Be Flying)», engelsk versjon
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Crisalide (Vola)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads