San Marino i Eurovision Song Contest

From Wikipedia, the free encyclopedia

San Marino i Eurovision Song Contest
Remove ads

San Marino debuterte i Eurovision Song Contest i 2008 og har delteke tretten gongar. I debutåret kom San Marino på sisteplass i sin semifinale som, saman med sisteplassen i 2017 og 2023, er den dårlegaste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest. På tretten forsøk har San Marino berre kvalifisert seg til finalen tre gongar: i 2014, 2019 og sist i 2021. Den beste plasseringa til San Marino er 19.-plassen frå 2019.

Kjappe fakta Uttakingar, Deltaking ...
Remove ads

Historikk

I juni 2007 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren SMRTV dei ønskte å deltake i Eurovision Song Contest i nær framtid. Fem månader seinare bekrefta kanalen at San Marino skulle delta i Eurovision Song Contest 2008. Deira fyrste bidrag, «Complice» av gruppa Miodio, havna på sisteplass i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.

Etter mykje fram og tilbake valde SMRTV å trekkje seg frå tevlinga i 2009 og 2010. Årsaka var ifylgje kringkastaren ein vanskeleg økonomisk situasjon i selskapet.[1]

I 2011 var San Marino tilbake igjen og har delteke kvart år sidan. Den sanmarinske songaren Valentina Monetta deltok tre år på rad og lykkast å få San Marino til finalen på hennar tredje forsøk, 2014. Fram til 2019 var dette den einaste gongen San Marino har delteke i ein Eurovision Song Contest-finale. Monetta var også den fyrste sidan den austerrikske songaren Udo Jürgens i 1966 til å deltake i Eurovision Song Contest tre år i strekk.

Remove ads

Bidrag

Meir informasjon År, Artist ...
Remove ads

Galleri

Røystehistorikk

Finalane

Meir informasjon #, Land ...

Semifinalane (2008-2021)

Meir informasjon #, Land ...
Remove ads

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar

Meir informasjon År, Kommentator(ar) ...
Remove ads

Sjå òg

Referansar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads