Currywurst

From Wikipedia, the free encyclopedia

Currywurst
Remove ads

Currywurst er ei steikt eller fritert kokepølse eller bratwurst som vanlegvis blir servert oppskoren og med ein saus av ketsjup eller tomatpuré og i tillegg karripulver. Den litt mer raffinerte varianten kjem med ein pikant saus laga på ingrediensar som ketsjup, løk, honning, kraft, worchestershiresaus, eddik, sterk sennep og krydder som spisskum og kajennepepper, i tillegg til karri. Anna tilbehøyr er rundstykke eller pommes frites. Currywursten blir rekna å ha opphav i Berlin, men har spreidd seg til store delar av Tyskland.

Thumb
Berliner currywurst
Remove ads

Historie

Thumb
Minnetavle over Herta Heuwer, som i 1949 byrja å lage og selje currywurst i Berlin.

Herta Heuwer blir rekna som oppfinnaren av currywursten, etter at ho klarte å skaffe seg ketsjup, eller moglegvis worcestershiresaus, frå britiske soldatar i Tyskland.[1] Ho blanda desse ingrediensane med andre krydder og helte blandinga over grilla svinepølser. Heuwer byrja å selje den billege, men mettande snacksen på ein matkiosk i Charlottenburg-distriktet i Berlin, der han blei ein populær rett blant bygningsarbeidarane som attoppreiste den øydelagde byen.[2]

I 1951 tok Heuwer patent på sausen sin under namnet «Chillup».[2] På sitt høgdepunkt selde matbuan 10 000 porsjonar med currywurst per veke.[3] Ho opna seinare ein liten restaurant som var i drift fram til 1974.[4] Den 30. juni 2013 blei 100-årsdagen til Heuwer feira med ein Google Doodle.[5]

I dag blir currywurst ofte seld som take away-mat, «Schnellimbisse» (snøggmat), på spisestader, på barnemenyar på restaurantar, eller som gatemat, og blir vanlegvis servert med pommes frites eller rundstykke (Brötchen). Retten er populær over heile Tyskland, men spesielt i storbyområda Berlin, Hamburg og Ruhrområdet. Det finst betydeleg variasjon, både i type pølse som blir brukt og ingrediensane i sausen, mellom desse områda.[6]

Vanlege variantar inkluderer tilsetjing av paprika eller hakka lauk. Halal-matbuer tilreier ofte currywurst med pølse av storfe. Ofte blir currywurst seld i matbuer, nokre gongar ved hjelp av ein spesiell maskin for å skjere currywursten i bitar, og blir servert på ein papirtallerken med en liten tre- eller plastgaffel, for det meste ein currywurstgaffel.[7] Det blir også seld som eit hylleprodukt på supermarknader til å tilreie heime.

Deutsches Currywurst Museum anslo at det blir etter 800 millionar currywurstar i Tyskland kvart år, med 70 millionar i Berlin åleine.[8][9][10] Volkswagen-fabrikken i Wolfsburg driv sitt eige slakteri som produserer rundt 7 millionar Volkswagen-currywurstar per år, og der mesteparten av dei går til å servere Volkswagen-tilsette.[11][12]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads